Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 12:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Tenk på din skapar i ungdoms år,før dei vonde dagane kjem,før dei åra kjem då du må seia:«Eg har inga glede av dei»,

2. før sol og dagslys,måne og stjerner blir mørkeog skyene kjem att etter regnet.

3. Då skjelv tenarane i huset,dei sterke mennene blir krokete.Kvinnene som mel på kverna,held opp, for dei har vorte så få;og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane.

4. Begge dørene mot gata blir stengde,og duren frå kverna blir døyvd.Ein står opp til fuglekvitter,men alle songens døtrer stilnar.

5. Då ottast ein for kvar bakke,og farar lurer på vegen.Mandeltreet blømer,grashoppa slepar seg fram,og kapersfrukta brestmedan mennesket går til sin siste bustad;dei som skal gråta, er alt på gata.

Les hele kapitlet Forkynnaren 12