Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 9:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Parmasjta, Arisai, Aridai og Vaisata,

10. dei ti sønene til Haman, son til Hammedata, jødane sin motstandar. Men dei la ikkje hand på byttet.

11. Same dagen fekk kongen talet på dei som var drepne i borga Susa.

12. Då sa han til dronning Ester: «I borga Susa har jødane drepe og gjort ende på fem hundre mann, dessutan har dei drepe dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane til kongen? Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, skal det bli oppfylt.»

13. Ester svara: «Dersom kongen finn det for godt, så lat jødane i Susa også i morgon få handla etter den lova som gjeld i dag, og lat dei ti sønene til Haman bli hengde på ein påle!»

14. Kongen sa at dette skulle gjerast, og det vart fastsett ved lov i Susa. Og dei ti sønene til Haman vart hengde.

15. Jødane i Susa samla seg igjen den fjortande dagen i månaden adar. Dei drap tre hundre mann i Susa. Men dei la ikkje hand på byttet.

16. Dei andre jødane i kongens provinsar slo seg òg saman og forsvara livet sitt. Dei fekk fred for fiendane sine og drap syttifem tusen av dei som hata dei. Men dei la ikkje hand på byttet.

Les hele kapitlet Ester 9