Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 9:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Dette hende den trettande dagen i månaden adar. Den fjortande dagen kvilte dei, og dei gjorde han til ein dag for fest og glede.

18. Men jødane i Susa samla seg både den trettande og den fjortande dagen. Dei kvilte den femtande dagen og gjorde han til ein dag for fest og glede.

19. Difor er det at jødane som bur i bygder og landsbyar, gjer den fjortande dagen i månaden adar til ein dag for glede, fest og gjestebod, ein dag då dei sender mat som gåver til kvarandre.

20. Mordekai skreiv ned desse hendingane. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane til kong Xerxes, dei som var nær, og dei som var langt borte.

21. Han baud at dei kvart år skulle feira den fjortande og femtande dagen i månaden adar.

22. For det var på desse dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden klaga vart vend til glede og sorga til fest. Difor skulle dei feira dei som dagar for fest og glede og senda mat som gåver til kvarandre og til dei fattige.

23. Jødane gjorde det til tradisjon, det som dei hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.

24. For Haman, son til Hammedata, agagitten, motstandaren til alle jødar, hadde planlagt å gjera ende på jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å knusa dei og gjera ende på dei.

25. Dette kom fram for kongen. Då baud han i eit brev at dei vonde planane som Haman hadde lagt mot jødane, skulle koma over hans eige hovud. Slik vart både han og sønene hans hengde på pålen.

26. Difor blir desse dagane kalla «purim», etter ordet «pur». På grunn av alt som stod i dette brevet, og på grunn av det dei hadde sett og opplevd,

Les hele kapitlet Ester 9