Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 9:12-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då sa han til dronning Ester: «I borga Susa har jødane drepe og gjort ende på fem hundre mann, dessutan har dei drepe dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane til kongen? Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, skal det bli oppfylt.»

13. Ester svara: «Dersom kongen finn det for godt, så lat jødane i Susa også i morgon få handla etter den lova som gjeld i dag, og lat dei ti sønene til Haman bli hengde på ein påle!»

14. Kongen sa at dette skulle gjerast, og det vart fastsett ved lov i Susa. Og dei ti sønene til Haman vart hengde.

15. Jødane i Susa samla seg igjen den fjortande dagen i månaden adar. Dei drap tre hundre mann i Susa. Men dei la ikkje hand på byttet.

16. Dei andre jødane i kongens provinsar slo seg òg saman og forsvara livet sitt. Dei fekk fred for fiendane sine og drap syttifem tusen av dei som hata dei. Men dei la ikkje hand på byttet.

17. Dette hende den trettande dagen i månaden adar. Den fjortande dagen kvilte dei, og dei gjorde han til ein dag for fest og glede.

18. Men jødane i Susa samla seg både den trettande og den fjortande dagen. Dei kvilte den femtande dagen og gjorde han til ein dag for fest og glede.

19. Difor er det at jødane som bur i bygder og landsbyar, gjer den fjortande dagen i månaden adar til ein dag for glede, fest og gjestebod, ein dag då dei sender mat som gåver til kvarandre.

20. Mordekai skreiv ned desse hendingane. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane til kong Xerxes, dei som var nær, og dei som var langt borte.

Les hele kapitlet Ester 9