Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 8:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, jødane sin motstandar, hadde hatt. Og Mordekai fekk koma fram for kongen, for Ester hadde fortalt kor nær han stod henne.

2. Kongen tok av seg signetringen som han hadde teke tilbake frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset til Haman.

3. Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho fall ned for føtene hans, og gråtande trygla ho han om å stansa dei vonde planane som Haman, agagitten, hadde lagt mot jødane.

4. Kongen rette gullsepteret ut mot Ester. Då reiste ho seg, steig fram for kongen

5. og sa: «Dersom kongen finn det for godt og han ser på meg med velvilje, om saka er rett for kongen og han synest godt om meg, så skriv og kall attende breva frå Haman, son til Hammedata, agagitten, dei som han skreiv då han la planar om å gjera ende på jødane i alle kongens provinsar.

6. Korleis skal eg klara å sjå på det vonde som elles vil råka folket mitt, og korleis skal eg klara å sjå at slekta mi blir øydelagd?»

7. Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «Sjå, huset til Haman har eg gjeve til Ester, og sjølv har han vorte hengd på ein påle fordi han ville leggja hand på jødane.

8. Set no opp eit skriv om jødane i kongens namn, slik de finn det best, og set kongens segl på det med signetringen hans. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsegla med kongens signetring, kan ikkje kallast attende.»

9. Kongens skrivarar vart straks kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, det er månaden sivan. Dei skreiv alt ned slik Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og leiarane i provinsane frå India til Kusj, 127 i alt, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, også til jødane med den skrifta dei brukte og på det språket dei tala.

10. Breva vart skrivne i namnet til kong Xerxes, forsegla med kongens signetring og sende med ilbod som reid på raske hestar frå kongens eigen stall.

Les hele kapitlet Ester 8