Kongen reiste seg i sinne. Han gjekk frå drikkelaget og ut i slottshagen. Men Haman vart ståande framfor dronning Ester. Han ville be for livet sitt, for han skjøna at kongen hadde sett seg føre å gjera han vondt.