Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 6:10-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Kongen sa til Haman: «Skund deg, ta kleda og hesten, slik som du sa, og gjer dette med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt.»

11. Så tok Haman kleda og hesten, kledde Mordekai og lét han ri over torget i byen medan han ropa framfor han: «Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!»

12. Så vende Mordekai attende til slottsporten, og Haman skunda seg heim, i sorg og med tildekt hovud.

13. Haman fortalde kona si, Seresj, og alle venene sine alt som hadde hendt. Då sa vismennene og kona hans, Seresj, til han: «Er han av jødisk ætt, denne Mordekai som no held på å få deg i kne, så kjem du ingen veg med han. Han kjem til å bli ditt fall.»

14. Medan dei enno snakka med han, kom kongens evnukkar. Dei førte straks Haman til festen som Ester heldt.

Les hele kapitlet Ester 6