Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 5:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»

7. Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette:

8. Dersom kongen ser på meg med velvilje og han finn det for godt å gje meg det eg bed om og oppfylla det eg ønskjer, så ville eg gjerne at kongen og Haman skulle koma til festen eg vil halda for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»

9. Den dagen gjekk Haman glad og fornøgd derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller var redd han, vart Haman fylt av sinne mot han.

10. Men han la band på seg og gjekk heim. Så bad han venene sine og kona Seresj om å koma.

11. Haman la ut for dei om den store rikdomen sin, om alle sønene sine, og om korleis kongen hadde gjeve han høg rang og sett han over alle stormennene og kongens tenarar.

12. Og han la til: «Eg var jamvel den einaste som fekk koma saman med kongen til den festen som dronning Ester heldt. I morgon òg er eg beden til henne i lag med kongen.

13. Men alt dette er ikkje verdt noko for meg så lenge eg må sjå jøden Mordekai sitja i slottsporten.»

14. Då sa kona hans, Seresj, og venene hans til han: «Lat dei setja opp ein påle som er femti alner høg. I morgon skal du be kongen om at dei hengjer Mordekai på den. Så kan du gå glad til festen saman med kongen.» Haman syntest dette var eit godt framlegg, og han fekk pålen oppsett.

Les hele kapitlet Ester 5