Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den tredje dagen kledde Ester seg i dronningskrud og stilte seg i den indre slottsgarden, midt imot kongens hus. Der inne sat kongen på trona midt imot inngangen.

2. Då kongen fekk sjå dronning Ester der ho stod i slottsgarden, fekk han godvilje for henne. Han rette gullsepteret som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og rørte ved spissen av septeret.

3. Kongen sa til henne: «Dronning Ester, kva vil du? Er det noko du ønskjer? Om det så er halve riket, skal det bli gjeve deg.»

4. Ester svara: «Om kongen finn det for godt, ville eg gjerne at kongen og Haman i dag skulle koma til festen eg vil halda for han.»

5. Kongen sa: «Hent straks Haman og gjer slik Ester har sagt.»Så kom kongen og Haman til festen som Ester heldt.

6. Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»

7. Ester svara: «Det eg bed om og ønskjer er dette:

8. Dersom kongen ser på meg med velvilje og han finn det for godt å gje meg det eg bed om og oppfylla det eg ønskjer, så ville eg gjerne at kongen og Haman skulle koma til festen eg vil halda for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»

9. Den dagen gjekk Haman glad og fornøgd derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller var redd han, vart Haman fylt av sinne mot han.

Les hele kapitlet Ester 5