Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 4:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Mordekai fortalde då alt som hadde hendt han, og heile historia om sølvet som Haman hadde sagt han skulle vega opp til kongens skattkammer om han fekk gjera ende på jødane.

8. Til Hatak gav han òg ei avskrift av brevet med lova som var gjeven i Susa om at dei skulle utryddast. Han bad han visa det til Ester og fortelja henne alt. Så skulle han påleggja henne å gå til kongen for å trygla og be kongen sjølv om nåde for folket hennar.

9. Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt.

10. Då påla Ester Hatak å seia dette til Mordekai:

11. «Alle kongens tenarar og folket i kongens provinsar veit at om nokon, mann eller kvinne, går inn til kongen i den indre slottsgarden utan å vera innkalla, så er det berre éi lov som gjeld: døden. Berre den som kongen retter gullsepteret sitt mot, får leva. Sjølv har eg ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.»

12. Dei fortalde Mordekai kva Ester hadde sagt,

13. Mordekai bad dei seia til Ester: «Tru berre ikkje at du som den einaste av jødane skal berga livet fordi du er i kongens slott.

14. For om du teier i denne tida, vil hjelp og redning koma til jødane frå ein annan stad, medan du og ditt farshus vil gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er for ei tid som denne at du har fått dronningrang?»

Les hele kapitlet Ester 4