Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 4:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. «Alle kongens tenarar og folket i kongens provinsar veit at om nokon, mann eller kvinne, går inn til kongen i den indre slottsgarden utan å vera innkalla, så er det berre éi lov som gjeld: døden. Berre den som kongen retter gullsepteret sitt mot, får leva. Sjølv har eg ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.»

12. Dei fortalde Mordekai kva Ester hadde sagt,

13. Mordekai bad dei seia til Ester: «Tru berre ikkje at du som den einaste av jødane skal berga livet fordi du er i kongens slott.

14. For om du teier i denne tida, vil hjelp og redning koma til jødane frå ein annan stad, medan du og ditt farshus vil gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er for ei tid som denne at du har fått dronningrang?»

15. Då bad Ester dei seia til Mordekai:

16. «Gå og kall saman alle jødar som finst i Susa, og hald faste for mi skuld. De skal ikkje eta eller drikka på tre døgn, korkje om natta eller om dagen. Eg og tenestejentene mine vil òg fasta på same vis. Så skal eg gå inn til kongen, sjølv om det ikkje er etter lova. Skal eg gå til grunne, så går eg til grunne.»

Les hele kapitlet Ester 4