Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 4:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mordekai fekk vita alt det som hadde hendt, og han reiv sund kleda sine og kledde seg i sekk og oske. Så gjekk han ut i byen og ropa og klaga høgt og bittert.

2. Han kom så langt som til slottsporten. Men ingen kunne gå gjennom slottsporten kledd i sekkestrie.

3. Og i kvar provins der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane, med faste, gråt og klage, og mange la seg i sekk og oske.

4. Tenestejentene til Ester og evnukkane kom og fortalde henne dette. Då tok dronninga til å skjelva. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for sekkestrien, men han tok ikkje imot.

5. Så kalla Ester inn Hatak, ein evnukk som kongen hadde sett til å tena henne. Ho sende han til Mordekai for å få vita kva som hadde hendt, og kvifor.

6. Hatak gjekk ut til Mordekai på bytorget framfor slottsporten.

Les hele kapitlet Ester 4