Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 3:10-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Kongen tok signetringen sin av handa og gav han til Haman, son til Hammedata, agagitten, motstandaren til jødane.

11. Og kongen sa til Haman: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du finn for godt.»

12. Den trettande dagen i den første månaden vart kongens skrivarar kalla saman. På bod frå Haman vart det sett opp eit skriv til kongens satrapar, statthaldarane i kvar provins og leiarane for kvart folk, til kvar provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart folk på det språket dei tala. Det var skrive i namnet til kong Xerxes og forsegla med kongens signetring.

13. Så gjekk det ut brev med ilbod til alle kongens provinsar om å utrydda, drepa og gjera ende på alle jødar, både unge og gamle, born og kvinner, på ein og same dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar. Eigedomane deira skulle plyndrast.

14. Ei avskrift av brevet skulle gjelda som lov i kvar provins og kunngjerast for alle folk, så dei kunne vera budde på denne dagen.

15. Sendeboda drog ut i hast på kongens ord med det same denne lova var gjeven i borga Susa. Kongen og Haman sette seg til å drikka, men byen Susa var oppskaka.

Les hele kapitlet Ester 3