Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 2:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. I tur og orden skulle dei unge kvinnene gå inn til kong Xerxes, etter at dei gjennom tolv månader hadde gått gjennom det som var føreskrive. Slik vart kuren gjennomført: seks månader med myrraolje og seks månader med balsam og andre kremar for kvinner.

13. Og så, når ei ung kvinne skulle gå inn til kongen, då fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå haremet til slottet.

14. Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen flytte ho til det andre haremet. Der hadde Sjaasgas tilsynet, kongens evnukk som vakta følgjekonene. Ho gjekk ikkje inn til kongen igjen om ikkje kongen ville ha henne og ho vart kalla inn ved namn.

15. Så kom turen til Ester, dotter av Abihajil, som var onkel til Mordekai, han som hadde teke henne til seg som si eiga dotter. Då ho skulle gå inn til kongen, bad ho ikkje om anna enn det kongens evnukk, Hegai, som vakta kvinnene, rådde henne til. Og Ester vekte godvilje hos alle som såg henne.

16. Ester vart henta til kong Xerxes i slottet hans i den tiande månaden, det er månaden tebet, i det sjuande styringsåret hans.

17. Kongen elska Ester meir enn alle andre kvinner. Ho vann velvilje og godhug hos han framfor alle dei andre jomfruene. Han sette ei kongeleg krone på hovudet hennar og gjorde henne til dronning i staden for Vasjti.

18. Kongen heldt eit stort festmåltid for alle stormennene og tenarane sine, ein fest for Ester. Han gav provinsane skattelette og delte ut gåver på kongeleg vis.

19. Då jomfruene vart samla for andre gong, sat Mordekai i slottsporten.

20. Ester fortalde framleis ikkje noko om kva slekt eller folk ho høyrde til, slik Mordekai hadde sagt henne. Ho rette seg etter det Mordekai sa, som ho hadde gjort det då han var fosterfar for henne.

21. I dei dagane hende det, medan Mordekai sat i slottsporten, at dørvaktarane Bigtan og Teresj, to av kongens evnukkar, vart arge på kong Xerxes og leita etter eit høve til å leggja hand på han.

22. Dette fekk Mordekai vita, og han fortalde det til dronning Ester. Ester sa det vidare til kongen på vegner av Mordekai.

23. Saka vart granska, og då det viste seg å vera slik, vart begge mennene hengde på ein påle. Dette vart skrive ned i krønikeboka i kongens nærvær.

Les hele kapitlet Ester 2