Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter dette, då harmen til kong Xerxes hadde lagt seg, tok han til å tenkja på Vasjti og det ho hadde gjort, og på det som var avgjort om henne.

2. Då sa dei unge mennene som var i kongens teneste: «Leit etter vakre unge jomfruer til kongen!

3. I kvar provins i riket kunne kongen gje nokon i oppgåve å samla alle vakre unge jomfruer og senda dei til haremet i borga Susa. Lat dei stå under tilsyn av Hegai, kongens evnukk, som vaktar kvinnene, og la dei få hudpleie.

4. Den unge kvinna som kongen synest best om, kan bli dronning i staden for Vasjti.» Dette framlegget lika kongen godt, og han sette det i verk.

5. I borga Susa var det ein jødisk mann som heitte Mordekai. Han var son til Ja'ir, son til Sjimi, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen.

6. Han høyrde til dei som var førte i eksil frå Jerusalem saman med Jekonja, kongen i Juda. Det var han som Nebukadnesar, kongen i Babel, hadde ført i eksil.

7. Mordekai var fosterfar til Hadassa, også kalla Ester. Ho var dotter til onkelen hans og hadde korkje far eller mor. Ho var ei velskapt og vakker ung kvinne. Då far og mor hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eiga dotter.

8. Kongens ord og bod vart kjende, og mange unge kvinner vart samla i borga Susa under tilsyn av Hegai. Ester vart òg henta til kongens slott, til Hegai, som vakta kvinnene.

9. Han syntest godt om den unge kvinna, og ho vann velvilje hos han. Han sørgde straks for at ho fekk den hudpleia og maten ho skulle ha. Han gav henne òg sju utvalde tenestejenter frå slottet og flytte henne og tenestejentene hennar til den beste delen av haremet.

10. Ester fortalde ikkje kva folk og slekt ho var av, for Mordekai hadde sagt at ho ikkje måtte nemna noko om det.

11. Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor føregarden til haremet for å finna ut korleis Ester hadde det, og kva som vart gjort med henne.

12. I tur og orden skulle dei unge kvinnene gå inn til kong Xerxes, etter at dei gjennom tolv månader hadde gått gjennom det som var føreskrive. Slik vart kuren gjennomført: seks månader med myrraolje og seks månader med balsam og andre kremar for kvinner.

Les hele kapitlet Ester 2