Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 1:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Drikkinga gjekk føre seg etter regelen: «Ingen tvang!» For kongen hadde bode at alle hovmeistrane skulle la kvar og ein få så mykje eller lite han sjølv ville ha.

9. Samtidig heldt dronning Vasjti fest for kvinnene i slottet til kong Xerxes.

10. På den sjuande dagen, då han var oppstemd av vinen, bad kong Xerxes til seg dei sju evnukkane som var hans personlege tenarar, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas.

11. Han baud dei henta dronning Vasjti fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folka og stormennene kunne sjå venleiken hennar, for ho var svært vakker.

12. Men dronning Vasjti nekta å koma på kongens ord som evnukkane bar fram. Kongen vart svært sint, og harmen brann i han.

13. Og han vende seg til vismennene, dei som var kunnige i å tyda tidene, for slik vart kongens saker lagde fram for alle som var kunnige i lov og rett.

14. Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som hadde tilgang til kongen og var dei fremste i riket.

15. Han spurde dei: «Kva bør etter lova skje med dronning Vasjti sidan ho ikkje gjorde slik kong Xerxes baud henne gjennom evnukkane?»

16. Memukan sa til kongen og stormennene: «Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle stormenn og folk i provinsane til kong Xerxes.

17. For ryktet om dronninga vil spreia seg mellom alle kvinner og få dei til å forakta mennene sine og seia: Kong Xerxes baud at dronning Vasjti skulle førast fram for han, men ho kom ikkje.

18. Alt i dag vil dei fremste kvinnene i Persia og Media tala slik til kongens stormenn når dei får høyra ryktet om dronninga. Og det kjem ikkje til å bli nokon ende på forakt og sinne.

Les hele kapitlet Ester 1