Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 1:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette hende i Xerxes' dagar, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj.

2. I dei dagane då Xerxes sat på kongetrona i borga Susa,

3. i det tredje styringsåret sitt, heldt han ein fest for alle stormennene og tenarane sine. Dei fremste hærførarane i Persia og Media og leiarane for provinsane var hos han.

4. I lang tid, 180 dagar, viste han fram sin kongelege rikdom og si prakt og sin store herlegdom og glans.

5. Då desse dagane var til ende, heldt kongen endå ein fest for alt folket som var i borga Susa, høg som låg. Festen varte i sju dagar på den opne plassen i hagen ved kongens slott.

6. Teppe av det finaste kvite og purpurblå stoff var feste med kvite og purpurraude snorer til ringar av sølv i søyler av alabast. Benker av gull og sølv stod på eit golv av marmor, alabast, perlemor og mosaikksteinar.

7. Drikkene vart skjenkte i gullbeger som alle var ulike. Og det var rikeleg av den kongelege vinen, på kongeleg vis.

8. Drikkinga gjekk føre seg etter regelen: «Ingen tvang!» For kongen hadde bode at alle hovmeistrane skulle la kvar og ein få så mykje eller lite han sjølv ville ha.

9. Samtidig heldt dronning Vasjti fest for kvinnene i slottet til kong Xerxes.

10. På den sjuande dagen, då han var oppstemd av vinen, bad kong Xerxes til seg dei sju evnukkane som var hans personlege tenarar, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas.

11. Han baud dei henta dronning Vasjti fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folka og stormennene kunne sjå venleiken hennar, for ho var svært vakker.

12. Men dronning Vasjti nekta å koma på kongens ord som evnukkane bar fram. Kongen vart svært sint, og harmen brann i han.

13. Og han vende seg til vismennene, dei som var kunnige i å tyda tidene, for slik vart kongens saker lagde fram for alle som var kunnige i lov og rett.

14. Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som hadde tilgang til kongen og var dei fremste i riket.

15. Han spurde dei: «Kva bør etter lova skje med dronning Vasjti sidan ho ikkje gjorde slik kong Xerxes baud henne gjennom evnukkane?»

Les hele kapitlet Ester 1