Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 9:4-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Alle som skalv for ordet frå Israels Gud, samla seg rundt meg på grunn av truløysa til dei som hadde vore i eksil. Og eg sat der lamslegen heilt til kveldsofferet.

5. Ved kveldsofferet reiste eg meg frå botsstillinga. Med sundriven kjortel og kappe kasta eg meg på kne, breidde ut hendene mot Herren min Gud

6. og sa:Min Gud! Eg skammar meg og skjemmest over å lyfta andletet mot deg, min Gud! For syndene våre er så mange at dei har vakse oss over hovudet, og skulda vår er så stor at ho når til himmelen.

7. Frå våre fedrars dagar og heilt til no har vår skuld vore stor. På grunn av syndene våre vart vi og kongane og prestane våre gjevne over i hendene på framande kongar, til sverd, fangenskap, plyndring og skam, slik det er den dag i dag.

Les hele kapitlet Esra 9