Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 9:11-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. som du gav gjennom dine tenarar, profetane: «Landet som de dreg inn i for å ta i eige, er ureint på grunn av det ureine til folka i landområda omkring. Dei har fylt det med avskyelege handlingar og gjort det ureint frå ende til annan.

12. Difor må de ikkje gifta bort døtrene dykkar til sønene deira, eller la døtrene deira ta sønene dykkar til ekte. Og de må aldri gjera noko for å fremja deira fred og velferd. Då skal de bli sterke og få eta av alt det gode i landet, og de skal la borna dykkar få det i eige for alltid.»

13. Trass i alt som har hendt med oss på grunn av våre vonde gjerningar og vår store skuld, har du, vår Gud, likevel straffa oss mindre enn våre synder fortente, og du har late ein rest av oss sleppa unna.

14. Skulle vi igjen bryta dine bod og knyta slektsband med folka som gjer slike avskyelege handlingar? Kjem du ikkje då til å harmast og gjera ende på oss, slik at ingen blir att og ingen slepp unna?

15. Herre, Israels Gud, du er rettferdig. Vi er ein rest som har sloppe unna til denne dag. Sjå, her er vi for ditt andlet med vår skuld. Men slik kan ingen bli ståande for deg.

Les hele kapitlet Esra 9