Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 8:21-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Då ropa eg ut ei faste der ved Ahava-elva, for at vi skulle audmjuka oss for vår Guds andlet og be om ei god reise for oss sjølve og borna våre og for alt vi eigde.

22. For eg skamma meg for å be kongen om soldatar og hestar til å hjelpa oss mot fiendar på vegen, sidan vi hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si gode hand over alle som søkjer han, men hans makt og vreide kjem over alle som svik han.»

23. Så vi fasta og søkte vår Gud for dette, og han høyrde bøna vår.

24. Eg valde ut tolv av dei leiande prestane og dessutan Sjerebja og Hasjabja saman med ti av brørne deira.

25. Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara – alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og leiarane hans, og frå alle israelittane som var der.

26. Eg vog opp og overlét i hendene deira 650 talentar sølv, 100 sølvkar verde ein talent kvar, 100 talentar gull,

27. 20 gullbollar verde 1000 dareikar og to kar av god, skinande bronse, lik gull.

28. Eg sa til dei: «De er heilage for Herren, og kara er heilage; sølvet og gullet er ei frivillig gåve til Herren, dykkar fedrars Gud.

Les hele kapitlet Esra 8