Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 8:19-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Vidare kom Hasjabja og med han Jesaja av Merari-sønene, og brørne hans og sønene deira, 20 til saman.

20. Og av tempeltenarane som David og leiarane hadde sett til å tena levittane, kom det 220. Alle desse er oppførte med namn.

21. Då ropa eg ut ei faste der ved Ahava-elva, for at vi skulle audmjuka oss for vår Guds andlet og be om ei god reise for oss sjølve og borna våre og for alt vi eigde.

22. For eg skamma meg for å be kongen om soldatar og hestar til å hjelpa oss mot fiendar på vegen, sidan vi hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si gode hand over alle som søkjer han, men hans makt og vreide kjem over alle som svik han.»

23. Så vi fasta og søkte vår Gud for dette, og han høyrde bøna vår.

24. Eg valde ut tolv av dei leiande prestane og dessutan Sjerebja og Hasjabja saman med ti av brørne deira.

25. Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara – alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og leiarane hans, og frå alle israelittane som var der.

26. Eg vog opp og overlét i hendene deira 650 talentar sølv, 100 sølvkar verde ein talent kvar, 100 talentar gull,

27. 20 gullbollar verde 1000 dareikar og to kar av god, skinande bronse, lik gull.

28. Eg sa til dei: «De er heilage for Herren, og kara er heilage; sølvet og gullet er ei frivillig gåve til Herren, dykkar fedrars Gud.

29. Hald vakt og ta vare på dette heilt til de kan vega dei opp for dei leiande prestane, levittane og leiarane for Israels slekter i Jerusalem, i romma i Herrens hus.»

30. Så fekk prestane og levittane den oppvegne mengda av sølv, gull og kar. Dei skulle føra denne gåva til Jerusalem, til huset for vår Gud.

31. Vi braut opp frå Ahava-elva på den tolvte dagen i den første månaden for å dra til Jerusalem. Vår Gud heldt si hand over oss og redda oss frå fiendens grep og frå overfall på vegen.

Les hele kapitlet Esra 8