Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 6:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Hald dykk unna arbeidet på dette Guds hus! Lat statthaldaren og dei eldste hos judearane få byggja huset på same staden som før.

8. Eg gjev no påbod om kva de skal gjera for dei eldste av judearane, så dette Guds hus kan byggjast: Alle utgiftene desse har, skal dekkjast av skatteinntektene som kongen tek inn i provinsen Bortanfor Eufrat, så arbeidet ikkje stansar.

9. Og alt prestane i Jerusalem seier dei treng av unge oksar, vêrar og lam til brennoffer for himmelens Gud, og kveite, salt, vin og olje, skal kvar dag gjevast dei utan unnatak,

10. så dei kan bera fram velgjerande ange for himmelens Gud og be for kongen og sønene hans.

11. Eg byd òg at kvar den som krenkjer dette påbodet, skal få ein bjelke riven ut av huset sitt. Han skal naglast fast til bjelken, og huset hans skal gjerast til ein avfallsdunge på grunn av det han har gjort.

12. Måtte den Gud som lèt namnet sitt bu der, vinna over alle kongar og folk som strekkjer handa ut for å krenkja dette påbodet og øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev eit påbod som skal følgjast fullt ut.»

13. Tattenai, som var statthaldar i provinsen Bortanfor Eufrat, Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då fullt ut slik som kong Dareios hadde føreskrive.

14. Dei eldste hos judearane bygde og hadde god framgang ved profetiane til profeten Haggai og Sakarja, son til Iddo. Dei fullførte bygginga etter påbod frå Israels Gud og etter påbod frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes.

Les hele kapitlet Esra 6