Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 6:19-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Dei som hadde vore i eksil, feira påske på den fjortande dagen i den første månaden,

20. for prestane og levittane hadde reinsa seg, alle som ein, så dei var reine. Dei slakta påskelammet for alle hadde vore i eksil, for brørne sine, prestane, og for seg sjølve.

21. Så heldt israelittane måltid, både dei som var komne att frå eksil, og alle som saman med dei andre ville dyrka Herren, Israels Gud, og som difor hadde skilt seg frå ureinskapen til folkeslaga i landet.

22. Glade feira dei høgtida med usyra brød i sju dagar. For Herren hadde gjort dei glade då han vende assyrarkongens hjarte til dei, slik at kongen støtta dei i arbeidet på huset til Israels Gud.

Les hele kapitlet Esra 6