Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 6:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Måtte den Gud som lèt namnet sitt bu der, vinna over alle kongar og folk som strekkjer handa ut for å krenkja dette påbodet og øydeleggja Guds hus i Jerusalem. Eg, Dareios, gjev eit påbod som skal følgjast fullt ut.»

13. Tattenai, som var statthaldar i provinsen Bortanfor Eufrat, Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira gjorde då fullt ut slik som kong Dareios hadde føreskrive.

14. Dei eldste hos judearane bygde og hadde god framgang ved profetiane til profeten Haggai og Sakarja, son til Iddo. Dei fullførte bygginga etter påbod frå Israels Gud og etter påbod frå persarkongane Kyros, Dareios og Artaxerxes.

15. Huset stod ferdig den tredje dagen i månaden adar i det sjette året Dareios var konge.

16. Israelittane – prestane, levittane og resten av dei som var komne att frå eksil – vigde Guds hus med stor glede.

17. Til innviinga av Guds hus bar dei fram hundre oksar, to hundre vêrar og fire hundre lam, og til syndoffer for heile Israel tolv geitebukkar, éin for kvar av Israel-stammane.

18. Dei sette opp prestane i grupper og levittane i avdelingar. Dei skulle gjera teneste for den Gud som er i Jerusalem, slik det står skrive i Moseboka.

19. Dei som hadde vore i eksil, feira påske på den fjortande dagen i den første månaden,

20. for prestane og levittane hadde reinsa seg, alle som ein, så dei var reine. Dei slakta påskelammet for alle hadde vore i eksil, for brørne sine, prestane, og for seg sjølve.

21. Så heldt israelittane måltid, både dei som var komne att frå eksil, og alle som saman med dei andre ville dyrka Herren, Israels Gud, og som difor hadde skilt seg frå ureinskapen til folkeslaga i landet.

Les hele kapitlet Esra 6