Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 5:2-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar var med og støtta dei.

3. Straks kom Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira til dei og sa: «Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?»

4. Vidare spurde vi dei: «Kva heiter mennene som set opp denne bygningen?»

5. Men Guds auge kvilte på dei eldste mellom judearane. Ingen hindra dei i arbeidet, men ein sende ei melding til Dareios og venta på svarbrev om saka.

6. Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.

7. Slik stod det skrive i meldinga:«Til kong Dareios: All fred!

8. Kongen skal vita at vi har gjort ei reise til provinsen Juda, til den store Guds hus. Det blir no bygd opp att av tilhoggen stein, og veggene blir kledde med tre. Arbeidet blir utført med flid og har god framgang.

9. Vi spurde dei eldste: ‘Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?’

10. Vi spurde dei òg kva dei heitte, så vi kunne skriva ned namna på leiarane og la deg få vita det.

Les hele kapitlet Esra 5