Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 5:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Profeten Haggai og profeten Sakarja, son til Iddo, tala til judearane i Juda og Jerusalem; i namnet til Israels Gud tala dei til dei.

2. Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar var med og støtta dei.

3. Straks kom Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira til dei og sa: «Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?»

4. Vidare spurde vi dei: «Kva heiter mennene som set opp denne bygningen?»

5. Men Guds auge kvilte på dei eldste mellom judearane. Ingen hindra dei i arbeidet, men ein sende ei melding til Dareios og venta på svarbrev om saka.

Les hele kapitlet Esra 5