Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 4:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Motstandarane til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som hadde vore i eksil, heldt på å byggja eit tempel for Herren, Israels Gud.

2. Då gjekk dei til Serubabel og leiarane for familiane og sa: «Lat oss byggja saman med dykk. For vi dyrkar den same Gud og har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asar-Haddon førte oss hit.»

3. Men Serubabel, Josva og resten av leiarane for familiane i Israel svara: «Nei, vi kan ikkje byggja eit hus for vår Gud saman med dykk. Åleine vil vi byggja det for Herren, Israels Gud, slik som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»

4. Folket i landet tok då motet frå folket i Juda og skremde dei frå å byggja.

5. Dei betalte kongens rådgjevarar for å motarbeida byggjeplanane så lenge persarkongen Kyros levde, og heilt fram til Dareios vart konge i Persia.

6. Då Xerxes var konge, i den første tida han regjerte, skreiv dei ei klage på innbyggjarane i Juda og Jerusalem.

7. Medan Artaxerxes styrte i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabeel og resten av embetsbrørne deira til kongen. Dokumentet var skrive på arameisk og vart tolka.

8. Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv dette brevet om Jerusalem til kong Artaxerxes:

9. «Frå rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og alle embetsbrørne deira, dommarane, embetsmennene, offiserane, oppsynsmennene, folka frå Erek og Babel og elamittane frå Susa,

10. og dei andre folkeslaga som den store og namngjetne Asenappar førte bort og busette i byen Samaria og elles i provinsen Bortanfor Eufrat.»

11. Dette er ei avskrift av brevet som vart sendt kongen:«Til kong Artaxerxes frå tenarane dine, mennene frå provinsen Bortanfor Eufrat.

12. Kongen skal vita at dei judearane som drog opp frå deg til oss, er komne til Jerusalem. Dei er i ferd med å byggja opp att denne opprørske og vonde byen. Dei fullfører murane og reparerer grunnvollane.

Les hele kapitlet Esra 4