Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 10:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i rommet til Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over utan å smaka verken brød eller vatn, for han sørgde over truløysa til dei som hadde vore i eksil.

7. Deretter gjekk det ut ei kunngjering gjennom heile Juda og Jerusalem til alle som hadde vore i eksil. Dei skulle samlast i Jerusalem.

8. Den som ikkje kom innan tre dagar, skulle – slik leiarane og dei eldste hadde bestemt – få all eigedomen sin slegen med bann og øydelagd og sjølv bli skild frå forsamlinga av dei som hadde vore i eksil.

9. Alle menn frå Juda og Benjamin samla seg i Jerusalem på tre dagar. Det var den tjuande dagen i den niande månaden. Heile folket sat på plassen framfor Guds hus og skalv, både på grunn av denne saka og fordi det regna kraftig.

10. Då reiste presten Esra seg og sa til dei: «De har vore trulause og teke til dykk framande kvinner. Slik har de auka Israels skuld.

11. Skrifta no for Herren, dykkar fedrars Gud, og gjer hans vilje. Skil dykk frå desse folka i landet og frå dei framande kvinnene.»

12. Då svara heile forsamlinga høgt: «Ja, vi vil gjera det som du seier til oss.

13. Men det er mykje folk, og det er regntid. Vi orkar ikkje å stå her ute lenger. Dette arbeidet er ikkje gjort på ein dag eller to, for vi er mange som har synda i denne saka.

14. Lat no leiarane våre stå fram for heile forsamlinga. Så skal alle i byane våre som har teke til seg framande kvinner, møta til avtala tider saman med dei eldste og dommarane frå kvar einskild by, for å venda bort frå oss vår Guds brennande vreide på grunn av denne saka.»

15. Berre Jonatan, son til Asael, og Jahseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai støtta dei.

16. Men dei som hadde vore i eksil, gjorde som det var sagt. Presten Esra skilde ut nokre menn som var leiarar for kvar sin familie, alle nemnde med namn. Dei kom saman den første dagen i den tiande månaden for å granska saka.

17. På den første dagen i den første månaden vart dei ferdige med alle mennene som hadde teke til seg framande kvinner.

18. Ein fann at desse prestesønene hadde teke til seg framande kvinner: etterkomarar av Josva, son til Josadak, og brørne hans: Maaseja, Elieser, Jarib og Gedalja.

Les hele kapitlet Esra 10