Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 9:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Han ropa høgt medan eg høyrde på: «Straffa over byen er nær! Kvar og ein må ha sitt øydingsvåpen i handa.»

2. Og sjå, frå Øvreporten, den som vender mot nord, kom seks menn, kvar med sitt drapsvåpen i handa. Ein av dei var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet. Dei kom og stilte seg ved sida av bronsealtaret.

3. Då lyfte herlegdomen til Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og flytte seg til dørstokken i tempelet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet.

4. Og Herren sa til han: «Gå gjennom Jerusalem by og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over alt det avskyelege der.»

5. Og til dei andre sa han så eg høyrde det: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned! Vis ikkje medkjensle, spar ingen.

6. Gamle, unge gutar og jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydda ut. Men rør ikkje nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med mennene, dei eldste, som stod framfor Herrens hus.

Les hele kapitlet Esekiel 9