Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 8:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men du skal få sjå endå meir avskyelege ting som dei driv med», sa han til meg.

14. Så tok han meg med bort til den porten som fører inn i Herrens hus på nordsida. Og sjå, der sat kvinnene og gret over Tammus.

15. Då sa han til meg: «Har du sett det, menneske? Men du skal få sjå noko som er meir avskyeleg enn dette.»

16. Så førte han meg til den indre føregarden i Herrens hus. Og der, attmed inngangen til Herrens tempel, mellom forhallen og altaret, stod om lag tjuefem mann med ryggen mot Herrens tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola.

17. Då sa han til meg: «Har du sett det, menneske? Er det ikkje nok at Judas hus driv med alt det avskyelege som dei gjer her? For dei fyller landet med vald, og slik gjer dei meg rasande. Sjå korleis dei held vinranka opp framfor nasen.

18. Så vil eg òg gripa inn i vreide. Eg viser inga medkjensle, eg sparer dei ikkje. Om dei ropar aldri så høgt i øyret på meg, høyrer eg ikkje på dei.»

Les hele kapitlet Esekiel 8