Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 8:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det sjette året, på den femte dagen i den sjette månaden, medan eg sat heime og dei eldste i Juda sat framfor meg. Då kom Herren Guds hand over meg der.

2. Eg såg, og sjå! – ein som likna ein mann å sjå til. Frå det som såg ut som hoftene og nedover, var det eld, og frå hoftene og oppover såg det ut som ein stråleglans, som skinande metall.

3. Han rette ut noko med form som ei hand og tok tak i hårluggen min. I syn frå Gud lyfte ånda meg opp mellom jord og himmel og tok meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit bilete som gjorde Gud brennande sjalu.

4. Og sjå, der var herlegdomen til Israels Gud, som i synet eg hadde sett i dalen.

5. Han sa til meg: «Menneske, lyft auga mot nord!» Eg lyfte auga mot nord, og sjå! – ved inngangen, nord for altarporten, stod dette biletet som gjorde Gud sjalu.

6. Han sa til meg: «Menneske, ser du alt det avskyelege israelittane held på med her? Det driv meg langt bort frå min heilagdom. Men du skal få sjå noko som er endå meir avskyeleg.»

7. Så tok han meg med til porten som fører inn til føregarden i tempelet. Og sjå! – eit hol i veggen.

8. Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Eg braut meg gjennom veggen, og sjå! – ei dør.

9. Og han sa til meg: «Gå inn og sjå alt det vonde og avskyelege som dei driv med der.»

10. Eg gjekk inn. Eg såg, og sjå! – teikningar av krypdyr og kveg og alle Israels avgudar, motbydelege ting, var rissa inn overalt rundt om på veggene.

11. Framfor dei stod sytti mann av dei eldste i Israels hus, og midt mellom dei Jaasanja, son til Sjafan. Kvar av dei hadde ei røykjelsesskål i handa, og ein ange steig opp frå røykjelsesskya.

12. Då sa han: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, i romma der dei har gudebiletet sitt? Herren ser oss ikkje, seier dei, han har forlate landet.

Les hele kapitlet Esekiel 8