Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 6:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men eg lèt ein rest bli att. Dei av dykk som har sloppe unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, de skal spreiast rundt om i landa.

9. Då skal dei som slapp unna, hugsa på meg mellom folkeslaga dei er bortførte til. Eg knuser dei trulause hjarta til dei som forlét meg, og dei trulause auga til dei som følgde avgudane. Dei skal avsky seg sjølve for det vonde dei har gjort, for alt som er avskyeleg hos dei.

10. Og dei skal kjenna at eg er Herren. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å gjera dette vonde mot dei.

11. Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og tramp med foten, rop ve over alt det vonde og avskyelege i Israels hus. Dei skal bli offer for sverd og svolt og pest.

12. Den som er langt borte, skal døy av pest, og den som er nær ved, skal falla for sverd. Men den som er att og er berga, skal døy av svolt. Eg vil tømma all min harme ut over dei.

13. Då skal de kjenna at eg er Herren, når dei drepne ligg midt mellom avgudane rundt altara på kvar høg haug, på kvar fjelltopp, under kvart frodig tre og kvar lauvrik eik, på kvar stad der dei brende velluktande røykjelse for alle avgudane sine.

14. Eg vil strekkja handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei øydemark meir aud enn Dibla-ørkenen. Då skal dei kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 6