Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 6:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Kvar de så bur, skal byane leggjast i ruinar og offerhaugane bli forlatne, så altara dykkar blir lagde i ruinar og forlatne. Avgudane dykkar blir knuste og finst ikkje meir. Røykjelsesaltara blir hogne ned, og alt de har laga, sletta ut.

7. Dei drepne blir slengde midt mellom dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.

8. Men eg lèt ein rest bli att. Dei av dykk som har sloppe unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, de skal spreiast rundt om i landa.

9. Då skal dei som slapp unna, hugsa på meg mellom folkeslaga dei er bortførte til. Eg knuser dei trulause hjarta til dei som forlét meg, og dei trulause auga til dei som følgde avgudane. Dei skal avsky seg sjølve for det vonde dei har gjort, for alt som er avskyeleg hos dei.

10. Og dei skal kjenna at eg er Herren. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å gjera dette vonde mot dei.

Les hele kapitlet Esekiel 6