Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 6:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, vend andletet mot fjella i Israel og tal profetord mot dei!

3. Du skal seia: Israels fjell, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Sjå, eg lèt sverd koma over dykk og gjer ende på offerhaugane.

4. Altara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara knusast. Og dei drepne slengjer eg ned framfor avgudane dykkar.

5. Lika av israelittane legg eg framfor avgudane og spreier knoklane rundt altara.

6. Kvar de så bur, skal byane leggjast i ruinar og offerhaugane bli forlatne, så altara dykkar blir lagde i ruinar og forlatne. Avgudane dykkar blir knuste og finst ikkje meir. Røykjelsesaltara blir hogne ned, og alt de har laga, sletta ut.

7. Dei drepne blir slengde midt mellom dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 6