Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 5:6-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men ho trassa lovene mine og var verre enn dei andre folkeslaga, ho trassa forskriftene mine, verre enn landa omkring. For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine.

7. Difor seier Herren Gud: De har vore verre enn folkeslaga omkring dykk. For de følgjer ikkje mine forskrifter og held ikkje mine lover, de held ikkje eingong lovene til grannefolka.

8. Difor seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg òg over deg og held dom over deg framfor auga på dei andre folka.

9. Eg vil gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera, på grunn av alt det avskyelege hos deg.

10. Difor skal foreldre hos deg eta borna sine, og born skal eta foreldra sine. Eg held dom over deg og spreier restane av deg for alle vindar.

11. Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei motbydelege og avskyelege gudane dine, skal eg òg bruka rakekniven. Eg vil ikkje visa medkjensle og ikkje spara deg.

12. Ein tredjedel av deg skal døy av pest eller omkoma av svolt hos deg. Ein tredjedel skal falla for sverd rundt omkring deg. Og ein tredjedel vil eg spreia for alle vindar, eg skal forfølgja dei med sverd.

13. All min vreide skal eg tømma ut, eg bruker opp min harme på dei og tek hemn. Då skal dei kjenna at det er eg, Herren, som talar med sjalusi, når eg tømmer min harme ut over dei.

14. Eg gjer deg til ein ruinhaug og til spott for folkeslaga som bur omkring deg, og for alle som går forbi og ser deg.

15. Du skal bli til spott og hån, til skrekk og åtvaring for grannefolka, når eg held dom over deg med brennande vreide og flammande straff. Eg, Herren, har tala.

16. Når eg sender svolt inn mellom dykk som vonde piler, som er til for å øyda – dei eg sender for å øydeleggja dykk – då skal eg gjera svolten verre og verre for dykk. Eg skal bryta sund brødstaven hos dykk.

17. Svolt og rovdyr sender eg mot deg, dei gjer deg barnlaus. Pest og blod skal råka deg, og eg lèt sverd koma over deg. Eg, Herren, har tala.

Les hele kapitlet Esekiel 5