Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 5:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du menneske, ta deg eit kvast sverd, bruk det til rakekniv på hovud og skjegg! Skaff deg så ei skålvekt og del det som er kutta av.

2. Ein tredjedel skal du brenna opp inne i byen når dagane med omringing er til ende, ein tredjedel skal du hogga opp med sverdet utanfor byen, ein tredjedel skal du spreia for vinden. Med drege sverd vil eg setja etter dei.

3. Nokre få hår skal du ta unna og samla i kappefliken din.

4. Og du skal ta nokre av dei og kasta på elden og brenna opp. Derifrå skal elden spreia seg over heile Israels hus.

5. Så seier Herren Gud: Dette er Jerusalem. Midt mellom folkeslaga har eg sett henne, og omkring henne ligg det mange land.

6. Men ho trassa lovene mine og var verre enn dei andre folkeslaga, ho trassa forskriftene mine, verre enn landa omkring. For dei forakta lovene mine og følgde ikkje forskriftene mine.

7. Difor seier Herren Gud: De har vore verre enn folkeslaga omkring dykk. For de følgjer ikkje mine forskrifter og held ikkje mine lover, de held ikkje eingong lovene til grannefolka.

8. Difor seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg òg over deg og held dom over deg framfor auga på dei andre folka.

Les hele kapitlet Esekiel 5