Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 48:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er namna på stammane:Lengst i nord, i retning Hetlon, Lebo-Hamat og Hasar-Enon – med Damaskus-området i nord, mot Hamat – frå aust til vest: Dan skal ha éin del.

2. Langs området til Dan, frå aust til vest: Asjer, éin del.

3. Langs området til Asjer, frå aust til vest: Naftali, éin del.

4. Langs området til Naftali, frå aust til vest: Manasse, éin del.

5. Langs området til Manasse, frå aust til vest: Efraim, éin del.

6. Langs området Efraim, frå aust til vest: Ruben, éin del.

7. Langs området til Ruben, frå aust til vest: Juda, éin del.

8. Langs området til Juda, frå aust til vest, ligg det stykket de skal skilja ut, tjuefem tusen alner breitt og like langt som kvar av dei andre delane, frå aust til vest. Heilagdomen skal liggja midt i det.

9. Det stykket de skil ut for Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen breitt.

10. Det heilage området skal høyra prestane til. Dei skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt i nord, ti tusen alner breitt i vest, ti tusen breitt i aust, og i sør tjuefem tusen langt. Heilagdomen skal liggja midt i det.

11. Dei heilage prestane av Sadok-ætta tok seg av tempeltenesta for meg. Dei fór ikkje vill saman med israelittane slik levittane gjorde.

12. Dei skal ha sin del av det stykket som er skilt ut av landet, ein høgheilag del, attmed området til levittane.

13. Levittane skal ha eit område ved prestane sitt, tjuefem tusen alner langt og ti tusen breitt. Det heile skal vera tjuefem tusen langt og tjue tusen breitt.

Les hele kapitlet Esekiel 48