Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 45:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Då skal fyrstane mine aldri meir undertrykkja folket mitt, men overlata jorda til Israels hus, stamme for stamme.

9. Så seier Herren Gud: Nok no, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.

10. Bruk rette vektskåler og rett efa og bat!

11. Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.

12. Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.

13. Dette er offergåva de skal gje: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.

14. Forskrifta for olje som blir målt i bat, er ein tiandedels bat av kvar kor. Det er altså ti bat i ein kor.

15. Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå dei saftige beita i Israel. Dei skal vera til grødeoffer, brennoffer og fredsoffer, til soning for folket, seier Herren Gud.

16. Heile folket i landet må vera med på å gje fyrsten i Israel denne gåva.

17. Fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israels hus. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og fredsoffer til soning for Israels hus.

18. Så seier Herren Gud: Den første dagen i den første månaden skal du ta ein ungokse utan feil. Slik skal du ta bort synd frå heilagdomen.

Les hele kapitlet Esekiel 45