Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 45:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Av dette skal eit firkanta stykke på fem hundre gonger fem hundre alner høyra heilagdomen til. Og femti alner omkring det skal vera beitemark.

3. Av heile området skal du måla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Der skal heilagdomen stå, det høgheilage.

4. Dette stykket er ein heilag del av landet. Det skal høyra til prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Det skal gje plass for husa deira og beitemark som høyrer heilagdomen til.

5. Eit jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal høyra til levittane, som er tempeltenarar. Der skal dei ha byar å bu i.

6. Til eigedom for byen skal de gje eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er sett av til heilagdomen. Det skal høyra til heile Israels hus.

7. Fyrsten skal ha land på begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei delane stammane får, frå grensa i vest til grensa i aust.

8. Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Då skal fyrstane mine aldri meir undertrykkja folket mitt, men overlata jorda til Israels hus, stamme for stamme.

9. Så seier Herren Gud: Nok no, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.

10. Bruk rette vektskåler og rett efa og bat!

11. Ein efa og ein bat skal ha same mål, så både ein bat og ein efa er tiandedelen av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.

12. Ein sjekel skal vera tjue gera. Fem sjekel skal vera fem sjekel, og ti sjekel skal vera ti, og femti sjekel skal de rekna for ei mine.

Les hele kapitlet Esekiel 45