Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 44:8-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. De tok dykk ikkje av tenesta med dei heilage tinga mine, men sette andre til å gjera teneste i heilagdomen i dykkar stad.

9. Så seier Herren Gud: Ingen framand, uomskoren på hjarte og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.

10. Men dei levittane som forlét meg då Israel villa seg bort frå meg og følgde avgudane sine, dei må bera si skuld.

11. Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til huset og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og stå til teneste for dei.

12. Fordi dei gjorde teneste for dei framfor avgudane deira og fekk Israel til å falla i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bera si skuld.

13. Dei får ikkje koma meg nær og gjera presteteneste og ikkje koma nær dei heilage tinga mine, det høgheilage. Dei skal bera vanæra for alt det avskyelege dei har gjort.

14. Eg set dei til å gjera teneste i tempelet, til alle slags arbeid som må gjerast der.

15. Men levittprestane av Sadok-ætta, som tok seg av tenesta i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og tena meg. Dei skal stå for mitt andlet og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.

16. Dei skal gå inn i min heilagdom, og dei skal stiga fram til mitt bord og tena meg. Slik skal dei gjera teneste for meg.

17. Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i tempelet.

18. Turbanar av lin skal dei ha på hovudet og linbukser om hoftene. Dei må ikkje binda om seg noko som gjer at dei sveittar.

19. Når dei så går ut i den ytre føregarden, føregarden der folket er, skal dei ta av seg dei kleda dei gjorde teneste i, og leggja dei i dei heilage romma. Dei skal ta på seg andre klede så dei ikkje gjer folket heilagt med kleda sine.

20. Prestane skal ikkje barbera hovudet, heller ikkje la håret veksa fritt, men dei skal klippa det.

21. Ingen av prestane må drikka vin når dei kjem inn i den indre føregarden.

22. Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei skild kvinne, men berre med møyar av Israels hus. Men dei kan ta enkja etter ein prest.

Les hele kapitlet Esekiel 44