Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 44:22-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Dei må ikkje gifta seg med ei enkje eller ei skild kvinne, men berre med møyar av Israels hus. Men dei kan ta enkja etter ein prest.

23. Dei skal læra folket mitt skilnaden mellom heilagt og ikkje heilagt og forklara dei skilnaden mellom ureint og reint.

24. I rettssaker skal dei stå fram som dommarar; dei skal dømma folket etter mine bod. På alle mine høgtider skal dei følgja mine lover og forskrifter, og dei skal halda mine sabbatsdagar heilage.

25. Ein prest må ikkje gå inn til døde så han blir urein. Berre når det gjeld far eller mor, son eller dotter, bror eller ugift syster, kan dei gjera seg ureine.

26. Etter at presten har vorte rein att, skal dei telja sju dagar.

27. Og den dagen han atter går inn i heilagdomen, i den indre føregarden, for å gjera teneste i heilagdomen, då skal han bera fram syndoffer for seg, seier Herren Gud.

28. Dette er den arven dei skal ha: Eg er deira arv. De skal ikkje gje dei jordeigedom i Israel. Eg er deira eigedom.

29. Av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet skal dei eta, og alt som er lagt under bann i Israel, skal høyra dei til.

30. Det beste av all førstegrøde og alle offergåver de gjev, skal prestane ha. Det første av brøddeigen skal de gje presten. Då skal det kvila velsigning over huset ditt.

31. Men kjøt frå sjølvdaude eller ihelrivne fuglar eller dyr må ikkje prestane eta.

Les hele kapitlet Esekiel 44