Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 44:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Han førte meg tilbake gjennom den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd.

2. Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd. Han skal ikkje opnast, og ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten, difor skal han vera stengd.

3. Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens andlet. Han skal gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.

4. Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor tempelet. Eg såg, og sjå! – Herrens herlegdom fylte Herrens hus. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.

5. Herren sa til meg: Menneske, sjå med auga, høyr med øyra og legg hjartet ditt i alt det eg seier deg om alle forskriftene og lovene for Herrens hus. Legg merke til inngangen til huset og alle utgangane frå heilagdomen!

6. Du skal seia til det trassige Israels hus: Så seier Herren Gud: Nok no med dei avskyelege gjerningane dykkar, Israels hus!

7. De lét framande, uomskorne på både hjarte og lem, koma inn og vera i min heilagdom. Slik vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta mi med alt det avskyelege de gjorde.

8. De tok dykk ikkje av tenesta med dei heilage tinga mine, men sette andre til å gjera teneste i heilagdomen i dykkar stad.

9. Så seier Herren Gud: Ingen framand, uomskoren på hjarte og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.

10. Men dei levittane som forlét meg då Israel villa seg bort frå meg og følgde avgudane sine, dei må bera si skuld.

11. Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til huset og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og stå til teneste for dei.

12. Fordi dei gjorde teneste for dei framfor avgudane deira og fekk Israel til å falla i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bera si skuld.

13. Dei får ikkje koma meg nær og gjera presteteneste og ikkje koma nær dei heilage tinga mine, det høgheilage. Dei skal bera vanæra for alt det avskyelege dei har gjort.

14. Eg set dei til å gjera teneste i tempelet, til alle slags arbeid som må gjerast der.

15. Men levittprestane av Sadok-ætta, som tok seg av tenesta i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og tena meg. Dei skal stå for mitt andlet og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.

16. Dei skal gå inn i min heilagdom, og dei skal stiga fram til mitt bord og tena meg. Slik skal dei gjera teneste for meg.

Les hele kapitlet Esekiel 44