Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 43:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå huset, og ein mann stod ved sida av meg.

7. Han sa til meg: Menneske, dette er staden for mi trone og staden for mine fotsolar. Her vil eg bu mellom israelittane til evig tid. Israels hus skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, verken dei eller kongane deira, som dei gjorde det med sitt horeri og med lika av kongane sine når dei døydde.

8. Dei sette sin dørstokk attmed min dørstokk og sin dørstolpe inntil min dørstolpe, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med alt det avskyelege dei dreiv med. Difor fortærte eg dei i min vreide.

9. Men no skal dei ta bort frå meg både horeriet og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10. Du menneske, fortel Israels hus om tempelet, så dei må skjemmast av si synd. Dei skal måla opp grunnflata.

11. Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til form og grunnplan for tempelet, utgangar og inngangar og alle forskriftene og lovene for det. Skriv alt opp for auga deira så dei kan gje akt på heile lova og alle forskriftene og følgja dei.

12. Dette er lova om tempelet: Heile området på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er lova om tempelet.

13. Dette er måla på altaret, målte med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Ei renne var ei alen djup og ei alen brei, og kanten rundt var eitt fingerspenn.Dette er sokkelen under altaret:

14. Frå renna på bakken og opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var éi alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var éi alen.

Les hele kapitlet Esekiel 43