Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 43:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Eldstaden var tolv alner lang og tolv alner brei, firkanta.

17. Avsatsen var fjorten alner lang og fjorten alner brei, firkanta. Kanten rundt var ei halv alen, og renna omkring var éi alen. Altartrappa vende mot aust.

18. Han sa til meg: Menneske, så seier Herren Gud: Dette er forskriftene for altaret som gjeld frå den dagen det blir laga, så ein kan ofra brennoffer og skvetta blod på det.

19. Til dei levittprestane som er av Sadoks ætt, dei som stig fram og gjer teneste for meg, seier Herren Gud, skal du gje ein ungokse som syndoffer.

20. Du skal ta noko av blodet og stryka det på dei fire altarhorna, på dei fire hjørna til avsatsen og på kanten omkring. Slik skal du ta bort synd frå altaret og gjera soning for det.

21. Så skal du ta syndofferoksen og brenna han på den fastsette staden ved tempelet, utanfor sjølve heilagdomen.

22. Dagen etter skal du føra fram ein geitebukk utan feil som syndoffer. Med den skal dei ta bort synd frå altaret slik dei gjorde det med oksen.

23. Når du er ferdig med å ta bort synd, skal du føra fram ein ungokse av storfeet og ein vêr av småfeet, begge utan feil.

24. Du skal føra dei fram for Herren. Prestane skal strø salt på dei og ofra dei som brennoffer til Herren.

25. I sju dagar skal du dagleg laga til ein geitebukk som syndoffer. Også ein ungokse av storfeet og ein vêr av småfeet, utan feil, skal de ofra.

26. I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det. Dei skal vigsla det.

27. Når desse dagane er til ende, skal prestane den åttande dagen og alltid sidan laga til brennoffera og fredsoffera dykkar på altaret. Då skal eg visa dykk godvilje, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 43