Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 42:9-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Under romma var det ein inngang frå aust for å koma inn frå den ytre føregarden,

10. der muren mot føregarden tok til.Også i sør, mot den inngjerda plassen og mot bygningen, låg det rom,

11. og framfor dei ein veg. I lengd og breidd likna dei romma i nord. Dei hadde utgangar og inngangar som dei, var bygde på same måten

12. og hadde same slags dører. Døra til romma mot sør låg ved byrjinga av vegen langs muren, der ein kom inn frå aust.

13. Han sa til meg: «Romma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage romma der prestane som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet, for det er ein heilag stad.

14. Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda dei har gjort teneste i, for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit folket er.»

Les hele kapitlet Esekiel 42