Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 42:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Han sa til meg: «Romma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage romma der prestane som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet, for det er ein heilag stad.

14. Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda dei har gjort teneste i, for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit folket er.»

15. Då han var ferdig med å måla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og målte det heile på alle kantar.

16. Han målte austsida med målestaven sin. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

17. og målte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

18. og målte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

19. Så snudde han seg mot vestsida og målte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

20. Alle fire sidene målte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom heilagt og ikkje heilagt.

Les hele kapitlet Esekiel 42