Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 42:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til romma ut mot den inngjerda plassen på nordsida av bygningen,

2. til framsida. Lengda på romma på nordsida var i alt hundre alner og breidda femti.

3. Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det tre avsatsar.

4. Framfor romma gjekk det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Romma hadde inngang mot nord.

5. Dei øvste romma var smale, for avsatsane tok meir plass frå dei enn frå romma i midten og nedst i bygningen.

6. For det var tre høgder, men dei hadde ikkje søyler som i føregardane. Difor var dei øvste romma mindre enn dei mellomste og dei nedste.

7. I forlenginga av romma som vende ut mot den ytre føregarden, gjekk det ein mur, femti alner lang,

8. slik at lengda på dei romma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner, medan dei som vende mot tempelet, var hundre alner.

9. Under romma var det ein inngang frå aust for å koma inn frå den ytre føregarden,

10. der muren mot føregarden tok til.Også i sør, mot den inngjerda plassen og mot bygningen, låg det rom,

11. og framfor dei ein veg. I lengd og breidd likna dei romma i nord. Dei hadde utgangar og inngangar som dei, var bygde på same måten

12. og hadde same slags dører. Døra til romma mot sør låg ved byrjinga av vegen langs muren, der ein kom inn frå aust.

Les hele kapitlet Esekiel 42