Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 41:10-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. og dei andre romma var det ein open plass, tjue alner brei. Han gjekk rundt heile tempelet.

11. Sideromma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren omkring plassen var fem alner tjukk.

12. Bygningen som vende mot den inngjerda plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.

13. Han målte tempelet. Det var hundre alner langt. Den inngjerda plassen med bygning og vegger var òg hundre alner lang.

14. Framsida på tempelet og den inngjerda plassen mot aust var i alt hundre alner brei.

15. Så målte han lengda av bygningen ut mot den inngjerda plassen på baksida. Med avsatsane på begge sider var det i alt hundre alner.Den indre tempelhallen og forhallen ut mot føregarden

16. hadde tak. Langs dei bordkledde gangane over fundamentet var det tronge vindauge i dei tre høgdene. Veggene var bordkledde frå bakken opp til vindauga

17. og over døropninga. Både i og utanfor tempelet, overalt på veggene inne og ute, var det felt med

18. bilete av kjerubar og palmar, éin palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.

19. Eit menneskeandlet var vendt mot palmen frå den eine sida og eit løveandlet frå den andre. Slike bilete var det overalt i tempelet.

Les hele kapitlet Esekiel 41