Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 41:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Han førte meg inn i tempelhallen og målte pilarane der. Dei var seks alner breie på kvar side.

2. Døropninga var ti alner brei, og veggene på kvar side var fem alner. Han målte hallen; han var førti alner lang og tjue alner brei.

3. Så gjekk han inn i det indre rommet og målte pilarane attmed døropninga til to alner. Opninga var seks alner og sideveggene sju alner breie.

4. Han målte lengda av rommet til tjue alner og breidda mot hallen til tjue alner. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»

5. Han målte tempelveggen; han var seks alner tjukk. Breidda på sidebygget som låg rundt heile tempelet, var fire alner.

6. Sideromma låg i tre høgder, det eine over det andre, i alt tretti. Dei låg inn mot tempelveggen. I tempelveggen var det framspring som feste for sideromma omkring. Ikkje noko feste gjekk inn i sjølve tempelveggen.

7. Ein brei gang gjekk rundt og opp til sideromma. For gangen steig omkring tempelbygningen. Difor vart bygningen brei i høgda. Slik kom ein nedanfrå og heilt opp gjennom den mellomste høgda.

8. Eg såg at grunnen var bygd noko høgare rundt tempelet til fundament for sideromma. Han målte ei heil målestong, seks alner, ut til kanten.

9. Ytterveggen i sideromma var fem alner tjukk. Mellom sideromma ved tempelet

10. og dei andre romma var det ein open plass, tjue alner brei. Han gjekk rundt heile tempelet.

11. Sideromma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren omkring plassen var fem alner tjukk.

Les hele kapitlet Esekiel 41