Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 40:26-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side.

27. Til den indre føregarden var det ein port mot sør. Han målte avstanden frå port til port mot sør til hundre alner.

28. Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han målte sørporten, som hadde same mål som dei andre.

29. Sideromma, pilarane og porthallen der hadde same mål som dei andre. Det var vindauge overalt i porten og porthallen. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei.

30. Kvar porthall rundt om var tjuefem alner lang og fem alner brei.

31. Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament. Åtte trappesteg gjekk dit opp.

32. Han førte meg til den indre føregarden mot aust. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre.

33. Sideromma, pilarane og forhallen der hadde same mål som dei andre. Både porten og porthallen hadde vindauge overalt. Porthallen var femti alner lang og tjuefem alner brei.

34. Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.

35. Så førte han meg til porten i nord. Han målte porten, som hadde same mål som dei andre.

36. Sideromma, pilarane og porthallen hadde dei same måla, og det var vindauge overalt. Lengda var femti alner og breidda tjuefem.

37. Porthallen vende ut mot den ytre føregarden. Pilarane hadde palmeornament, eitt på kvar side. Åtte trappesteg gjekk dit opp.

Les hele kapitlet Esekiel 40